Hardangerfjord Hotel

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Hardangerfjord Hotel Velkomen til Hardangerfjord Hotel!
(209)

Småmat og drøs på Hardangerfjord Hotel 🥂Me har teke den tradisjonelle Afternoon Tea, vridd litt på konseptet og gitt det...
27/10/2026

Småmat og drøs på Hardangerfjord Hotel 🥂

Me har teke den tradisjonelle Afternoon Tea, vridd litt på konseptet og gitt det vår eigen Fjordtind-vri!

Saman med Caroline Mo Vik inviterer me til «Småmat og drøs». Eit litt meir rustikt konsept med god mat, noko godt i glaset og god tid til drøs rundt bordet.

Ta med deg ein god ven eller to og bli med oss laurdag 07.november, kl. 12.00–16:00 (siste bordsete 14:30)🫖

Bestill bord her:
https://hardangerfjord-hotel.no/mat-og-drikke/

26/10/2026

Har du lyst å jobbe i vakre

Gjekk du glipp av årets yogaweekend med Spiritus Yoga? Fortvil ikkje - Marie kjem tilbake med ny yogahelg i september 20...
25/10/2026

Gjekk du glipp av årets yogaweekend med Spiritus Yoga?
Fortvil ikkje - Marie kjem tilbake med ny yogahelg i september 2027.

Det vert ei god moglegheit for å dykke djupare inn i eigen yogapraksis og lade batteria med både Yin og Yang Yoga. Alt med naturskjønne rammer og gode matopplevingar.

Påmelding og meir info i eige arrangement på Facebook:
https://www.facebook.com/events/1781130196371027?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[%7B%22surface%22%3A%22user_timeline%22%7D%2C%7B%22mechanism%22%3A%22attachment%22%2C%22surface%22%3A%22newsfeed%22%7D]%2C%22ref_notif_type%22%3Anull%7D

Haustmeny på Hardangerfjord Hotel 🍂Me held ope for lunsj kvar dag ut oktober, og på menyen finn du gode haustsmakar med ...
14/10/2026

Haustmeny på Hardangerfjord Hotel 🍂

Me held ope for lunsj kvar dag ut oktober, og på menyen finn du gode haustsmakar med råvarer frå nærområdet.

Ta med ein ven, inviter familien eller legg lunsjpausen til oss. Me set stor pris på alle som tek turen innom, anten det er til kvardags eller for ei lita ekstra hyggestund.

Me ynskjer å vera ein møteplass for både bygdefolk og tilreisande, og håpar de vil bruka oss. Det er nettopp det som gjer det mogleg å halda dørene opne og skapa gode opplevingar her i bygda, også i tida framover🤎

Disco Inferno på Hardangerfjord Hotel 🕺🪩14. november blir det disco, livemusikk og dans på Hardangerfjord Hotel!Coverlov...
11/10/2026

Disco Inferno på Hardangerfjord Hotel 🕺🪩

14. november blir det disco, livemusikk og dans på Hardangerfjord Hotel!

Coverlovers tek oss med tilbake til 70- og 80-talet med kjende discoklassikarar framførte av fire vokalistar og fire musikarar. Alt blir spelt live, før DJ Linda S tek over og fører kvelden vidare med musikk frå dagens klubbscene.

Me inviterer også til middag før konserten for dei som ynskjer å gjere ein heil kveld ut av det.

Middag kl. 19.30 | Konsert kl. 22.00

Middag og konsert: 795 kr
Berre konsert: 350 kr

Billettar finn du på TicketCo. Det er avgrensa tal plassar og 20 års aldersgrense.

Me håpar å sjå både kjende og nye fjes på dansegolvet denne kvelden!🤩

https://taktotone.ticketco.events/no/nb/e/disco_inferno1?version=m&fbclid=IwVERFWAU4bZpleHRuA2FlbQIxMABwZG9mBWZkaWQWUQFXDF0UNcS4vQ4UdcBi0VoqfjB6SHNydGMGYXBwX2lkCjY2Mjg1NjgzNzkAAR7CJqhywoXFDi2qV9BjSF2oxaV90sXCDU06-TBoHLoq6Y2n4wfRW3sQ6QOqHg_aem_kvnBIeyq4RAy7Cgxsb8S5w

Kva med ein haustferie med litt ekstra tid i vatnet? 🍂Når de bur på Hardangerfjord Hotel, har de gratis inngang i Hardan...
02/10/2026

Kva med ein haustferie med litt ekstra tid i vatnet? 🍂

Når de bur på Hardangerfjord Hotel, har de gratis inngang i Hardangerbadet – perfekt etter ein frisk tur ute, eller på ein dag der haustvêret inviterer til å halde seg inne.

I veke 41 får de 15 % rabatt på overnatting hos oss. Kombiner bading og avslapping med fine haustdagar i Øystese og små og store opplevingar i Hardanger.

Ein haustferie med litt av alt – og god tid saman 🤎

Har du litt tid til overs – og lyst på ein ekstrajobb hjå oss?✨Me ser etter ekstrahjelp til restauranten på Hardangerfjo...
25/09/2026

Har du litt tid til overs – og lyst på ein ekstrajobb hjå oss?✨

Me ser etter ekstrahjelp til restauranten på Hardangerfjord Hotel, hovudsakleg nokre helger og kanskje enkelte ettermiddagar.

Me ser etter deg som er over 18 år, likar å jobbe med folk og veit at dei små tinga ofte er det som skapar god stemning og gode gjesteopplevingar.

Du trivst når det er litt tempo, møter folk med eit smil og klarar å halde hovudet kaldt når det er mykje som skjer.

Er dette noko for deg – eller kjenner du nokon som kunne passa inn hjå oss?

Send ein e-post til [email protected] og fortel litt om deg sjølv🙌🏼

Haustferie i Hardanger 🍂Ta med familien på nokre fine haustdagar i Øystese. I veke 41 får de 15 % rabatt på overnatting ...
18/09/2026

Haustferie i Hardanger 🍂

Ta med familien på nokre fine haustdagar i Øystese. I veke 41 får de 15 % rabatt på overnatting hos Hardangerfjord Hotel – med fjorden, fjella og hausten rett utanfor døra.

Ta ein tur i haustfargane, utforsk små og store opplevingar i Hardanger, eller nyt ein roleg dag på hotellet. Som hotellgjest har de gratis inngang i Hardangerbadet, så det er enkelt å kombinere frisk haustluft med bading og avslapping.

Og kanskje er det nettopp det haustferien treng: litt mindre program og litt meir tid saman🤎

Foto: Jessica Fløysand

Adresse

Hardangerfjordveien 613
Øystese
5610

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Hardangerfjord Hotel legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hardangerfjord Hotel:

Snarveier

Del

Kategori

Hoteller i nærheten