24/10/2026
SNØKRABBEKVELD på Olaskjeret 5. november ❤️🦀
Bli med på ein kveld via til norsk snøkrabbe, gode historiar og triveleg lag. Me byr på skaldyrbuffet, premierevisning av den nye snøkrabbeepisoden i People of the North der «Vestland Arctic» og «Vima» er med.
Arne Hjeltnes kjem for å fortelje om prosjektet og erfaringane frå arbeidet med serien, medan Stig Bareksten viser litt av handverket og kreativiteten han er kjend for😃
Programmet startar klokka 17 i Nothengjo med ein raus skaldyrbuffet med bl.a snøkrabbe, sjøkreps, reker, krabbeklør og krabbeskjell.
Etterfulgt av innlegg ved Arne Hjeltnes, visning av snøkrabbeepisoden, innslag med Stig Bareksten og sosialt samvær utover kvelden🦀😋❤️
Prisen for kvelden er kr 695,- pr pers.
Ta med venar, kollegaer og andre du har lyst til å dele denne kvelden med. Det er avgrensa med plassar, så meld deg på tidleg.
For spørsmål og påmelding kan du kontakte Morten på 92653369, Christina på 90192826 eller sende ein e-post til [email protected].
Velkomen til ein smakfull og triveleg kveld! 🦀😃
Initiativet for kvelden kjem frå spleiselaget som fekk laga snøkrabbeepisoden, Vestland Seafood, Opilio, Olaskjeret, Austevoll VGS, Egersund og Mustad Havservice og Kræmer.