Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane

  • Hjem
  • Norge
  • Førde
  • Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane

Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane, Firdavegen 6, Førde.

🎉 Gratulerer til to nye fagarbeidarar! 🎉Denne veka kan vi i Opplæringskontor hotell- og matfag gratulere to dyktige lærl...
27/06/2026

🎉 Gratulerer til to nye fagarbeidarar! 🎉

Denne veka kan vi i Opplæringskontor hotell- og matfag gratulere to dyktige lærlingar som har bestått fagprøva – éin som kokk og éin som ernæringskokk. 👏

Ei stor takk og ros går både til lærlingane og lærebedriftene deira. Gode resultat kjem gjennom målretta arbeid, tett oppfølging og eit godt samarbeid.

Fagprøva er ei grundig avslutning på læretida. Over to dagar skal kandidaten planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeidet sitt – og vise at dei meistrar faget på ein profesjonell måte.

Vi er stolte av å vere eit opplæringskontor med solid fagkompetanse som får følgje fram flinke ungdommar på vegen til fagbrev.

Gratulerer med vel gjennomført fagprøve, og lykke til vidare i arbeidslivet! 🌟
Alexandra Hotell Loen Sunnfjord kommune helsetunet Førde


Vil du bli lærling eller lærebedrift
Kontakt oss på https://okhm-sfj.no/

Kok i hop 👨‍🍳🍅🥕8.–9. klasse ved Lavik, Bjordal og Viksdalen skule fekk besøk av kokkar og opplæringskontor for å bli lit...
11/06/2026

Kok i hop 👨‍🍳🍅🥕

8.–9. klasse ved Lavik, Bjordal og Viksdalen skule fekk besøk av kokkar og opplæringskontor for å bli litt betre kjende med kokke- og servitøryrket.

Det vart fokus på sunne og fargerike råvarer, matlaging i lag og gode smakar. Vi åt saman rundt langbordet og hadde mange gode samtalar undervegs 😊

Takk for kjekke timar i lag – dette gav meirsmak!

Det vart litt gløymt å ta bilde.😇
Kok i hop er rekrutteringsprogram i samarbeid med opplæringskontor for hotell og matfag, NKL Sogn og fjordane og VGS ~RM.

5 lærlingar vart i helga til 5 stolte fagarbeidarar i kokkfaget 👨‍🍳✨Etter fire år med læretid, innsats, læring og utvikl...
10/06/2026

5 lærlingar vart i helga til 5 stolte fagarbeidarar i kokkfaget 👨‍🍳✨

Etter fire år med læretid, innsats, læring og utvikling, vart det i helga krona med bestått fagprøve – og det står det stor respekt av!

Dag 1 gjekk med til planlegging og praktiske førebuingar, medan dag 2 handla om gjennomføring, dokumentasjon og evaluering.

Det har vore ei glede å få bli kjende med dykk og følgje dykk gjennom denne viktige tida. De har vist engasjement, vilje og stå-på-haldning, og vi er stolte av det de har oppnådd.

Tusen takk for tida vi har fått saman – og lukke til vidare på vegen. Framtida er dykkar 🌟👨‍🍳
Tusen takk for samarbeidet med flinke lærebedrifter. 🌟
Tusen takk til Prøvenemnda med flott gjennomføring. 🌟

Theresya Nona Sara Abdollahi Sahar Heidari Ole Stedje@AlexanderKure
Fretheim HotellQuality Sogndal Hotell

Lærling hos våre medlemsbedrifter?
www.Okhm-sfj.no

04/06/2026

 

04/06/2026

Lene Grande skal sørge for at skulelei ungdom får ein skreddarsydd veg gjennom skuleløpet.

OKHM tok turen til Høyanger for å gratulere Alia med bestått fagprøve og som ny fagarbeidar i ernæringskokkfaget! 👏🌟Våre...
03/06/2026

OKHM tok turen til Høyanger for å gratulere Alia med bestått fagprøve og som ny fagarbeidar i ernæringskokkfaget! 👏🌟

Våren er fagprøvetid, og det er ekstra kjekt å sjå kva hardt arbeid, innsats og vilje kan føre til. Alia har vore arbeidsvillig, flink og målretta – og det har vore kjekt å få følgje ho på vegen mot fagbrev.

Ein stor takk også til dyktig fagleg leiar Inger Lise Lunde Husetuft og instruktør ved Sentralkjøkkenet i Høyanger Kommune som bidreg til god opplæring og utvikling av nye fagarbeidarar.

Vi treng fleire kokkar – og akkurat no er det ledig læreplass! Kanskje dette er noko for deg eller nokon du kjenner? 👨‍🍳👩‍🍳

Søk her: https://fagbrev.io/login

Gratulerer så mykje, Alia – vel fortent! I natt kan du sove godt🌻🌻🌻

🌼 Vi vil gratulere dyktige Kristense som har bestått fagprøva i reiselivsfaget med topp karakter! 🌟🌟🌟 Dette er verkeleg ...
03/06/2026

🌼 Vi vil gratulere dyktige Kristense som har bestått fagprøva i reiselivsfaget med topp karakter! 🌟🌟🌟 Dette er verkeleg imponerande og eit resultat av målretta arbeid, engasjement og innsats gjennom heile læretida.

Bak gode resultat står det også gode støttespelarar. Ei stor takk til faglege leiarar Idunn og til Silje for flott oppfølging, støtte og deling av kunnskap undervegs. Takk også til medlemsbedrift Scandic Sunnfjord Hotel & Spa for godt samarbeid og for å gi rom for læring og utvikling.

Kristense fekk også delta på Erasmus+ programmet. Det ho fekk 6 veker på Michelin-hotell i La Rochelle i Frankrike.

Kjære Kristense – vi er stolte av det du har fått til, og vi er sikre på at du har ei spennande framtid framfor deg. Vi ønskjer deg masse lykke til vidare! 🌸✨
Bilde: Kristense Mabel Kvammen Johnsonog Silje.

PS: Scandic Sunnfjord Hotell & Spa har ledig læreplass i reiselivsfaget, kokkefaget og servitørfaget.

https://fagbrev.io/login

🎉 Ei stor gratulasjon til Haitham som no er fagarbeidar i kokkefaget! 👨‍🍳👏Etter læretida si ved Alexandra Hotel har Hait...
29/05/2026

🎉 Ei stor gratulasjon til Haitham som no er fagarbeidar i kokkefaget! 👨‍🍳👏

Etter læretida si ved Alexandra Hotel har Haitham bestått fagprøva, og det er vi utruleg stolte av. Ei velfortent gratulasjon går også til Alexandra Hotel som lærebedrift for god oppfølging og viktig arbeid med å forme nye fagarbeidarar.

Haitham er ein fin person med gode verdiar, alltid lærevillig, pliktoppfyllande og ein som møter både folk og fag med respekt og positiv innstilling. Gjennom læretida har han vist stor interesse for kokkefaget og utvikla seg til ein dyktig kokk som verkeleg har lagt ned innsats for å nå måla sine.

Vi er glade for å ha fått følgje reisa di, Haitham, og ønskjer deg alt det beste vidare. Dette har du verkeleg fortent – gratulerer så mykje! 🌟 🌟🌟

27/05/2026
🇳🇴Gratulerer med dagen🇳🇴17 mai er dagen då vi står saman under det norske flagget – stolte av landet vårt, historia vår ...
17/05/2026

🇳🇴Gratulerer med dagen🇳🇴

17 mai er dagen då vi står saman under det norske flagget – stolte av landet vårt, historia vår og alt vi får til her, kvar og ein og i lag som samfunn.
17. mai feirar vi fridom, fellesskap og framtidstru. Vi bur midt i ein flott natur – frå fjorden til stølane, frå frodige dalar til vide vidder
🇳🇴 Nyt dagen !

Adresse

Firdavegen 6
Førde
6804

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4790056438

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Opplæringskontor for hotell og matfag Sogn og Fjordane:

Snarveier

Del