Lærdal Ferie- og Fritidspark

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Lærdal Ferie- og Fritidspark Lærdal Ferie- og Fritidspark - Aktive opplevingar ved Sognefjorden! Overnatting i leiligheiter, hytter, rom, på camping. Flotte vandrevegar i nærheiten.
(225)

Servicetilbod med restaurant, Showtheater med show og konserter, aktivitetspark og sykkelutleige. Velkommen til Lærdal Ferie- og Fritidspark, ei perle innerst i Sognefjorden - med natur og omgivelsar i ypperste klasse. Her har vi eit breidt tilbod innan overnatting, aktivitetar og service. I tillegg kan du oppleva fyrsteklasses artistar og show i det store showteltet vårt; Lærdal Showtheater. For 2024 ser me fram til å ta imot dobbeltgjengarane til bl.a. ELVIS og Tina Turner og vi ser fram til ein stor musikalgalla med alle dei kjende musikallåtane. I tillegg kjem det fleire norske og regionale artistar. Artistslepp kjem utover vinteren, følg med!

🍂🚶🚴‍ Hausten på sitt beste no! Nyt nokre dagar i Lærdal med vandring i flotte haustfargar! Rabattkode for overnatting: H...
10/10/2026

🍂🚶🚴‍ Hausten på sitt beste no! Nyt nokre dagar i Lærdal med vandring i flotte haustfargar! Rabattkode for overnatting: HAUST26 (gjeld fram til 10. november)
👉 15% rabatt på all overnatting, også på allereide rabattert bulengde!
🚶 Flotte godt merkte vandrevegar like ved ferieparken + Kongevegen, bl.a. Vindhellavegen i Lærdalsdalen.
🚴‍ Sykling langs Sognefjorden eller gamlevegen til Borgund og Raasdalen.
🍂 Opplev historiske Lærdal med vegbyggekunst, Gamle Lærdalsøyri og Borgund Stavkyrkje.
👉 Overnatting bestiller du her: Hugs rabattkode HAUST26
https://www.laerdalferiepark.com/nb/book-online

🍽 Strandsitjaren har avslutta dei faste opningstidene for sesongen, men fortvil ikkje, vi satsar på temakveldar i haust ...
06/10/2026

🍽 Strandsitjaren har avslutta dei faste opningstidene for sesongen, men fortvil ikkje, vi satsar på temakveldar i haust og vinter.
Fyrst ut er biffkveldar og familiebuffêt:
Onsdag, 14. oktober: Biffkveld, frå kl. 15-20.
Laurdag, 17. oktober: Biffkveld, frå kl. 17-21.
Mørbradbiff eller vegetaralternativ grilla Halloumi.
På buffeten finn du kokte poteter, gratinerte poteter, bakte grønnsaker, aspargesbønner med bacon, mix salat og gresk salat. Peppersaus, rødvinsaus, bernaisesaus.
Dessert brownies med skogsbær.
Søndag, 18. oktober: Familiebuffêt, frå kl. 14-18.
Biff Stroganoff med tilbehør, pasta bolognaise for barn. Dessert.
Pris alle dagar: kr. 395,- per vaksen (15 år+) og barn kr. 190,- (4-14)
👉 Ynskjer du å reservera bord, kan du senda oss ein epost: [email protected] Eller ringa oss: 576 66 695
🍽 Velkomen til bords!

04/10/2026

🎤 ❤️ Stor takk til Jotron Arena i Larvik for gjestfriheiten og service til vårt mannskap frå Lærdal Showtheater OnTour og Stars In Concert igår kveld under framsyninga av Thank You for the Music - The ABBA Story.
❤️ Takk til det flotte publikummet som skapte magisk stemning i Jotron Arena!
❤️ Takk til produsent Bernhard Kurz og Stars In Concert for samarbeidet og alltid topp leveranse av artistar, musikarar og crew!

03/10/2026

🎤 Vårt Lærdal Showtheater OnTour og Stars In Concert er klare for Jotron Arena.
Showstart kl. 19.30. Har du ikkje billett enno, løp og kjøp!
Velkomen!

🍁 Hausten er komen, og då endrar Strandsitjaren opningsdagane sine.Me held ikkje ope som vanleg, men vil starta opp med ...
03/10/2026

🍁 Hausten er komen, og då endrar Strandsitjaren opningsdagane sine.
Me held ikkje ope som vanleg, men vil starta opp med temakveldar.

🍂 Onsdag, 14. oktober: Biffkveld. Ope frå kl. 15-20.
🍂 Laurdag, 17. oktober: Biffkveld. Ope frå kl. 17-21.
🍂 Søndag, 18. oktober: Familiemeny. Ope frå kl. 14-17.

Har du spørsmål om lukka selskap eller catering, send oss gjerne ein førespurnad på epost: [email protected]

Velkomen til bords 🧡

01/10/2026

Me ynskjer oktober velkomen🍁🍃🍂

Har du ikkje fått herja frå deg i sommar? 🤸‍♀️🤸‍♂️Då har du dei siste vekene att til balansering, hopping, klatring, køy...
30/09/2026

Har du ikkje fått herja frå deg i sommar? 🤸‍♀️🤸‍♂️
Då har du dei siste vekene att til balansering, hopping, klatring, køyring, styrketrening og leik i motorikkparken.
Søndag, 18. oktober er siste opningsdag for i år 🏎️

🍂🚶🚴‍♀️ Vakraste tida på året? Opplev alle haustfargane i Lærdal og regionen!🚶 Flotte godt merkte vandrevegar like ved fe...
29/09/2026

🍂🚶🚴‍♀️ Vakraste tida på året? Opplev alle haustfargane i Lærdal og regionen!
🚶 Flotte godt merkte vandrevegar like ved ferieparken + Kongevegen, bl.a. Vindhellavegen i Lærdalsdalen.
🚴‍♀️ Sykling langs Sognefjorden eller gamlevegen til Borgund og Raasdalen.
🤸 Motorikkparken er åpen til og med haustferien - ta med heile familien!
👉 Overnatting, billetter til motorikkparken og sykkelleige bestiller du her:
https://www.laerdalferiepark.com/nb/book-online

26/09/2026

❤️ Ei stor takk til eit flott publikum frå fjern og nær dei siste 3 kveldane i vårt Showtheater. Rett og slett magisk stemning 💃🎉
❤️ Stor takk til produsent Bernhard Kurz og Stars In Concert for samarbeidet og levering av strålande artistar, musikarar, teknikarar, crew - rett og slett THANK YOU FOR THE MUSIC - og våre lokale tilsette som stiller opp sjølv om de har anna arbeid!
🎤 Vi håpar vi kan sette opp nye produksjonar neste år! Send oss gjerne ei melding på kva DE ynskjer! Og har du lyst til å sjå showet omatt iår, så har du ein ny sjanse i Jotron Arena i Larvik neste laurdag 3. oktober kl. 19.30!

Stars in Concert

Adresse

Grandavegen 5
Lærdalsøren
6887

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Lærdal Ferie- og Fritidspark legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lærdal Ferie- og Fritidspark:

Snarveier

Del