Sølvgarden Hotell og feriesenter

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Sølvgarden Hotell og feriesenter Sølvgarden Hotell & Feriesenter i Setesdal. 4 stjernes hotell og 5 stjernes camping.
(242)

Sølvgarden hotell er det nyaste innan reiselivstilbodet i Setesdal, og ligg strategisk plassert midt i dalen, der vegane mellom aust og vest, og nord og sør kryssast. Litt eventyr i kombinasjon med Setesdals kultur og tradisjonar, gjev eit spennande interiør og spenstig utsmykking .

Carl Inge Grim kjem og speler for oss på Sølvgarden i kveld!Det er haust, det er Halloween, og på Sølvgarden har vi den ...
31/10/2026

Carl Inge Grim kjem og speler for oss på Sølvgarden i kveld!

Det er haust, det er Halloween, og på Sølvgarden har vi den rette stemninga for ein magisk kveld. Det er ein kveld laga for levande musikk, eit godt måltid og eit glas i baren. Carl Inge begynner å spele klokka 22.00.

Skal du ete før musikken startar, kan du bestille bord. Vi har nyheiter på menyen som vi gler oss til å vise deg.

Ring oss gjerne på 37 93 61 30. Lenka til bestilling ligg i bio, og vil du bli verande på hotellet, kan du berre bestille rom òg.

Vi sjåast i kveld!

29/10/2026

No er vi klare for Halloween på Sølvgarden!

Kom og vær med på ein skummel og morosam ettermiddag for barna. Det blir disco, pizzabuffet, dessert, snacks og heksedrikk. Barnehagebarn til og med 4. klasse er velkomne frå klokka 16.00 til 18.00, og frå 5. klasse og oppover er det frå klokka 18.00 til 20.00.

Finn fram kostymet og kom til Sølvgarden! Vi gler oss til å sjå mange små monster, hekser, vampyrar og spøkelse.

Denne veka er det Halloween på Sølvgarden, både for store og små!☠️💀👻Fredag 30. oktober er det Halloween for barna. Vi i...
26/10/2026

Denne veka er det Halloween på Sølvgarden, både for store og små!☠️💀👻

Fredag 30. oktober er det Halloween for barna. Vi inviterer til ein skummel og morosam ettermiddag med disco, pizzabuffet, dessert, snacks og heksedrikk. Barnehagebarn til og med 4. klasse er velkomne frå klokka 16.00 til 18.00, og frå 5. klasse og oppover er det frå klokka 18.00 til 20.00. Finn fram kostymet og kom!👽

Laurdag 31. oktober held vi fram med den årlege Halloweenfesten for vaksne. Carl Inge Grim speler i baren, det blir god stemning, og den som har kveldens beste kostyme går heim med premie. Aldersgrensa er 18 år, og inngangen kostar 150 kroner.

Vi håpar å sjå mange små monster, hekser, vampyrar og spøkelse hjå oss denne helga. 👻💀Ring oss gjerne på 37 93 61 30 om du lurer på noko. Lenka til bestilling ligg i bio, og vil du bli verande på hotellet, kan du berre bestille rom òg.

25/10/2026
Nå har vi menyen klar for nyttårsmiddagen vår på Sølvgarden!Den 31. desember vil vi ta farvel med året med ein spesiell ...
23/10/2026

Nå har vi menyen klar for nyttårsmiddagen vår på Sølvgarden!

Den 31. desember vil vi ta farvel med året med ein spesiell middag og ei fin feiring. Vi startar klokka 19.30 med ein velkomstcocktail, og så set vi oss til bords.

Du får ein treretters meny. Først serverer vi hummarsuppe. Til hovudrett blir det andebryst med raudvinssaus og gratinerte poteter, og så avsluttar vi med crème brûlée. Vin til maten er med i prisen.

Etterpå held vi fram å feire. Ved midnatt samlast vi og ser fyrverkeriet saman, slik at vi kan ønskje det nye året velkomen.

Prisen er 1 495 kroner per person, og då er treretters meny, velkomstcocktail og vin med. Det er avgrensa med plassar, så bestill innan 19. desember.

Ring oss på 37 93 61 30, gå inn på solvgarden.no, eller send ein e-post til [email protected].

Vi gler oss til å feire nyttårsaftan saman med deg!

Denne helga skjer det litt ekstra på Sølvgarden!Laurdag 24. oktober kl. 20.00 presenterer Silje og Sigrid Sudan Dudan, m...
22/10/2026

Denne helga skjer det litt ekstra på Sølvgarden!

Laurdag 24. oktober kl. 20.00 presenterer Silje og Sigrid Sudan Dudan, med Åresal og lokal oppvarming. 🎶

Har du lyst på ein god middag før konserten? 🍽️Restauranten vår er open til kl. 21.00, så du er hjarteleg velkomen til å ta turen innom!

Vi gler oss til ei hyggeleg helg med god mat, musikk og god stemning! ❤️

For bordbestilling og meir informasjon:
📞 37 93 61 30
🌐 solvgarden.no

Sølvgarden Setesdal SudanDudan Livemusikk VisitNorway

17/10/2026

Ein liten ekstra luksus på Sølvgarden.

Suiten vår er perfekt for deg som ønskjer litt meir enn eit vanleg hotellrom. Eit lunt og komfortabelt rom der du kan slappe av, leggje kvardagen litt til side og nyte eit hyggeleg opphald.

Enten du planlegg ei romantisk helg, skal feire noko spesielt eller berre har lyst på nokre rolege dagar, står suiten vår klar til å ta imot deg. ❤️

Les meir og bestill opphaldet ditt på solvgarden.no.

Ein fin dag for å nyte Sølvgarden. 🍂I dag har vi lunsjbuffet frå kl. 11.30 til 14.00, med ulike alternativ for deg som h...
16/10/2026

Ein fin dag for å nyte Sølvgarden. 🍂

I dag har vi lunsjbuffet frå kl. 11.30 til 14.00, med ulike alternativ for deg som har lyst på ein god lunsj.

Etterpå held vi fram med den vanlege menyen vår, full av gode rettar for alle smakar.

Og har du lyst til å kople av litt, anbefaler vi å prøve saunaen vår heilt nede ved vatnet. Ein stad der du kan nyte varmen, roa og den flotte utsikta vi har rundt oss. 🌿

Og kvifor ikkje bli litt lenger? Du kan også overnatte og nyte eit hyggeleg opphald på Sølvgarden.

Vil du bestille bord, sauna eller overnatting, finn du all informasjon på solvgarden.no, eller du kan ringe oss på 37 93 61 30.

Ha ein fin dag! ❤️

🥂 Nyttårsaften på Sølvgarden! Vi inviterer til nyttårsfeiring på Sølvgarden 31. desember!Vi startar kvelden kl. 19.30 me...
15/10/2026

🥂 Nyttårsaften på Sølvgarden!

Vi inviterer til nyttårsfeiring på Sølvgarden 31. desember!

Vi startar kvelden kl. 19.30 med ein velkomstdrink, før vi set oss til bords og nyt ein god 3-rettars festmiddag med vinpakke.

Etter middagen held festen fram med god stemning og hyggeleg selskap. Når klokka nærmar seg midnatt, samlast vi til fyrverkeri og ønskjer det nye året velkomen saman.

Pris: 1 495 kr per person, inkludert velkomstdrink, 3-rettars middag og vinpakke.

Det er avgrensa med plassar, så vi anbefaler å bestille i god tid.

Har du lyst til å sleppe å tenkje på heimturen? Vi har også nyttårspakke med overnatting. Du finn meir informasjon på solvgarden.no.

Vi håpar mange har lyst til å feire nyttår saman med oss på Sølvgarden! ❤️

11/10/2026

I dag er det ein fin dag ,perfekt for å kome seg ut, gå ein tur og nyte litt av hausten. 🍂

Har du lyst på ein pause undervegs, er kjøkkenet på Sølvgarden ope, og på menyen finn du ulike rettar for forskjellige smakar.

Vi er her og klare til å ta imot deg. ❤️

Vil du bestille bord eller overnatting, kan du ringe oss på 37 93 61 30.

Adresse

Setesdalsvein 3214
Rysstad
4748

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sølvgarden Hotell og feriesenter legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sølvgarden Hotell og feriesenter:

Snarveier

Del

Hoteller i nærheten