Olden Fjordhotel

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Olden Fjordhotel Olden Fjordhotel er eit nostalgisk, klassisk hotell med ein funksjonalistisk stil, fint plassert i s I 1995 kom «nyefløya» til.

Olden Fjordhotel er eit nostalgisk, klassisk hotell med ein funksjonalistisk stil, fint plassert i solhellinga rett ved Olden Brygge. Hotellet har 60 rom, bar, restaurant og ein velstelt hage med flott utsikt til fjord og fjell. Frå Olden Fjordhotel er det kort veg til mange populære aktivitetar og turmål for store og små, blant andre Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Rakssetra, Via Ferrata Loen og Loen Skylift. Olden Fjordhotel har skapt gode minner for lokale og tilreisande sidan 1953. I starten var det riktig nok kjent som Solstrand Pensjonat, men vertinna Aud Muri skapte god atmosfære, og visste å drive eit godt reiselivsprodukt. Sidan vart det ei stor utviding i 1971, og då vart namnet endra til Olden Fjordhotel. Adressa vart Solstrandvegen 1, som naturleg er. I dag er det ein annan, lokal familie som eig hotellet. Vi vil gjere vårt beste for å utvikle produktet vidare, til det beste for gjester og dei som arbeider her. Vi er klar over at reiselivet i Nordfjord er avhengig av naturen og kulturlandskapet, og vi vil gjere vårt for å støtte lokalt landbruk og næringsliv. Vi er stolte over uteområdet og hagen vår. Mange har opplevd fine sommarkveldar her, med solnedgang over Hogden i vest. Vi håpar at du og vil få eit fint opphold, og at du reiser herifrå med gode minner!

Etter vår lengste sesong, stenger Olden Fjordhotel dørene for i år! Vimplane som har vaia i vinden, dag etter dag gjenno...
06/10/2026

Etter vår lengste sesong, stenger Olden Fjordhotel dørene for i år!

Vimplane som har vaia i vinden, dag etter dag gjennom sesongen, skal no takast ned. Det e noko sentimentalt med det - eit lite, men tydelig teikn på at enda en sesong er over.

Takk til alle gjestar og besøkande for fine samtalar, gode møter og minner vi tek med oss vidare. Og takk til alle dokke som har vist oss tillitt ved å legge både små og store stunder i livet, til Olden Fjordhotel ❤️

Vi åpnar igjen 1.mai 2027, og bookingen er allerede åpen. Du finner ledige datoar på vår heimeside, www.oldenfjordhotel.no.

Spisesalen er dekka for festmiddag i kveld, før det er duka for dans med Kathe Sunde i Diskokjellaren🪩💃🏼
03/10/2026

Spisesalen er dekka for festmiddag i kveld, før det er duka for dans med Kathe Sunde i Diskokjellaren🪩💃🏼

Vi gjer oss klar for dag 1 av Skiskyttertreff 2026! Middagen starter kl. 19:00 før det blir quiz med Inge Brynestad kl. ...
02/10/2026

Vi gjer oss klar for dag 1 av Skiskyttertreff 2026!

Middagen starter kl. 19:00 før det blir quiz med Inge Brynestad kl. 21.00😊

‼️ OPPDATERTING ‼️ LIZZ har dessverre måtte melde avbud for lørdagens arrangement i diskokjellaren. Men vi er så heldige...
30/09/2026

‼️ OPPDATERTING ‼️

LIZZ har dessverre måtte melde avbud for lørdagens arrangement i diskokjellaren. Men vi er så heldige at Kathe Sunde på kort varsel, takka ja til å opptre denne kvelden 💃🏼🪩🕺🏼

📍 Olden Fjordhotel
🗓️ Lørdag 3.oktober 2026
🕙 Kl. 22:00
🎟️ 100kr, kjøpast i døra

Ein tidleg morgen i Olden 🩵Fjorden ligge stille, skyene heng lågt under fjella og P&O Britannia lyser opp bygda 🚢✨
28/09/2026

Ein tidleg morgen i Olden 🩵

Fjorden ligge stille, skyene heng lågt under fjella og P&O Britannia lyser opp bygda 🚢✨

LIZZ kjem til Olden Fjordhotel 🎶💃🏼🕺🏼Laurdag 3.oktober 2026 blir det liv i diskokjellaren når LIZZ står for musikkunderha...
27/09/2026

LIZZ kjem til Olden Fjordhotel 🎶💃🏼🕺🏼

Laurdag 3.oktober 2026 blir det liv i diskokjellaren når LIZZ står for musikkunderhaldning og dans frå kl. 22:00!

Arrangementet er ein del av Skiskyttertreffet 2026, men du treng ikkje være med på resten av programmet for å bli med på dansen - Kvelden er åpen for alle!

Billettsal i døra
🎟️ Kr. 100,- per person.

Men dersom du ønsker å være med på Skiskyttertreffet 2026 er du hjarteleg velkomen. Ta gjerne kontakt på 57 87 04 00 for påmelding.

📍Olden Fjordhotel
🗓️ Skiskyttertreff 2. og 3.september 2026.
LIZZ 3.september 2026, kl. 22:00

Haustfargane breier seg oppover fjellsidene, medan Ceciliekruna allereie har fått eit dryss av vinter🍁❄️🍂 September i Ol...
24/09/2026

Haustfargane breier seg oppover fjellsidene, medan Ceciliekruna allereie har fått eit dryss av vinter🍁❄️🍂

September i Olden - når hausten framleis gløder i dalen, og vinteren så smått byrjar å vise seg på toppane.

I dag markerer vi verdensdagen for sjølvmord🕯️🌹 Vi tenner eit lys for dei vi har mista, for dei som saknar og for alle s...
10/09/2026

I dag markerer vi verdensdagen for sjølvmord🕯️🌹

Vi tenner eit lys for dei vi har mista, for dei som saknar og for alle som står i noko som kjennast tungt.

Vi kan ikkje alltid sjå kva eit anna menneske bærer på. Difor er det så viktig å sjå kvarandre, spørje litt ekstra og ta seg tid til å lytte.

Ta vare på kvarandre❤️

Opplev hausten i indre Nordfjord 🍂🍁 Det frodige, grøne landskapet slepp taket litt etter litt, medan fjellsidene skiftar...
03/09/2026

Opplev hausten i indre Nordfjord 🍂🍁

Det frodige, grøne landskapet slepp taket litt etter litt, medan fjellsidene skiftar farge frå djupe grøntonar til ravgult, kobberraudt og gyllent. Det asurblå vatnet ligg framleis mellom fjella og speglar eit mjukare lys - nesten som om fjorden veit at sommaren er på hell, og at hausten snart skal setje sitt preg på dalen.

Kanskje det er nettopp no Olden er på sitt vakraste?

Bestill ditt hausteventyr på nettsida vår. I september og oktober kan du bu tre netter og betale berre for to🍁

Velkommen til bords hos Olden Fjordhotel. I dag serverer vi à  la carte 🍽️Kom å nyt eit godt måltid i restauranten vår, ...
31/08/2026

Velkommen til bords hos Olden Fjordhotel. I dag serverer vi à la carte 🍽️

Kom å nyt eit godt måltid i restauranten vår, med utsikt over fjord og fjell som ramme rundt kvelden.

Olden Fjordhotel - Kort veg til gode minner!

Adresse

Solstrandvegen 1, Olden
Stryn
6788

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Olden Fjordhotel legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Olden Fjordhotel:

Snarveier

Del

Kategori

Hoteller i nærheten