Jølster Bygg og Interiør As

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Jølster Bygg og Interiør As Jølster Bygg og Interiør produserer og monterer hytter, kjøkken, bad og anna inventar.

💥HEILT KNALL! God plass, smart oppbevaring, ekstra djupe skuffer og ei stor, lekker øy. Her blir det supert å kokkelere ...
12/10/2026

💥HEILT KNALL! God plass, smart oppbevaring, ekstra djupe skuffer og ei stor, lekker øy. Her blir det supert å kokkelere for våre fornøgde kundar 🥰 Drøymer du og om nytt kjøkken? Vi skreddarsyr løysinga du ønskjer deg, og produserer kjøkkenet lokalt! 🪚🔨

😍NYTT HUS, LEKRE LØYSINGAR: - Eg blir glad når kundane er fornøgde! Det er veldig kjekt å få til løysingane og fargekomb...
21/08/2026

😍NYTT HUS, LEKRE LØYSINGAR: - Eg blir glad når kundane er fornøgde! Det er veldig kjekt å få til løysingane og fargekombinasjonane dei ønskjer seg, seier Annlaug Kvammen.
Ho teiknar kjøkken og bad hos oss, og har akkurat vore på besøk hos kunden som flytta inn i nybygt hus i sommar.
Sjå kor lekkert kjøkkenet "Line" vart med frontar måla i ein varm grå/beige-fargetone, her er det flust av oppbevaring.
- Det litt spesielle her er at vi valde å kombinere benkeplater i stein på øya og laminat ved vasken, det vart kjempefint! Dessuten ønskte kunden å ha dør til boda (lengst til venstre) som ein del av kjøkkeninnreiinga. Der kunne vi levere dør som er breiare enn standard løysing fordi vi produserer kjøkkena våre i fabrikken på Vassenden, fortel Annlaug. Innfelt lyslist i nisja med kaffimaskina gir òg ein fin effekt. Dessutan er det garasje til robotstøvsugaren i sokkelen.
Baderomsinnreiingane er også laga i fabrikken vår. På hovudbadet er det valt beisa eikefiner med ekstra djupe skuffer. - Her er det og innerskuffer med plass til alt småplukk ein har på badet, det syntes kunden var heilt fantastisk, fortel Annlaug.
På det minste badet er innreiinga beisa i fargen valnøtt.
- Det er alltid spennande å få komme og sjå det ferdige resultatet. Dette vart veldig flott, og kunden føler at dei har fått levert god kvalitet!

Speglar frå Scala Bad Design
Vaskar frå Marbre Designs

Har du ein draum om å bygge deg hytte eller hus, men kvir deg for alt du må sette deg inn i?Fortvil ikkje, vi kan hjelpe...
02/07/2026

Har du ein draum om å bygge deg hytte eller hus, men kvir deg for alt du må sette deg inn i?

Fortvil ikkje, vi kan hjelpe deg med ferdige teiknepakkar og byggesøknadar som gir deg alt du trenger for å kome i gang 😀

Ta kontakt med Tor Ivar for ein uforpliktande prat!

Foto: Jostein Vedvik

Sjå den lekre baderomsinnreiinga vi har satt opp i utstillinga til Kvist Handverk og Design!Innreiing er laga av oss - d...
02/06/2026

Sjå den lekre baderomsinnreiinga vi har satt opp i utstillinga til Kvist Handverk og Design!
Innreiing er laga av oss - design og størrelse kan sjølvsagt endrast 😉

Silestone vask er levert av via , blandebatteri er levert av

Kreative kundar!Kunde ville skape liv på kjøkkenet: Vi laga bua hyller i MDF og hyller i lakka eik. Deretter kledde vi h...
22/05/2026

Kreative kundar!

Kunde ville skape liv på kjøkkenet: Vi laga bua hyller i MDF og hyller i lakka eik. Deretter kledde vi hyllene med integrert LED lys, og VOILA, sjå det stemningsfulle resultatet 😀

Gammelt hus med sjel har fått seg nytt, funksjonelt kjøkken 😀Dette synes vi har vore eit spanande prosjekt saman med kun...
15/05/2026

Gammelt hus med sjel har fått seg nytt, funksjonelt kjøkken 😀

Dette synes vi har vore eit spanande prosjekt saman med kunden!

Vi enda på: Frontar i beisa ask og benkeplate av både stål og heiltre.
Ny panel over kjøkkenbenk harmonerar godt i lag med opprinnelig tømmervegg og tregolv.

Det viktigaste: Kunden vart godt fornøgde med resultatet, og det vart jammen vi også 😀

Adresse

Hjelmbrekkevegen 3
Vassenden
6847

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

57727415

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Jølster Bygg og Interiør As legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Jølster Bygg og Interiør As:

Snarveier

Del

Kategori