VAKN

Call Directions Website Contact the hotel

VAKN VAKN arbeider for kulturbasert næringsutvikling i Nordfjord. Skal gjennomføre det treårige pilotprosjektet VAKN Vårt akademi for kultur og næring.

Prosjetet er finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Eid kommune, og er eigd av næringslivet i Eid gjennom Eid utviklingsfellesskap, og Eid kommune. Eid kommune har satsa på kultur gjennom ein bevisst politikk. Dette har, i samarbeid med både institusjonar som Eid vidaregåande skule, organisasjonar, næringsliv og privatpersonar, resultert i at Eid har kulturelle fyrlykter som Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival, i tillegg til eit mangfald av aktivitet knytt til song, musikk, kunst, hest og idrett. Denne gode samhandlinga har mellom anna ført til at ein i 2009 vart nominert som eitt av to norske bidrag til den internasjonale finalen i European Enterprise Awards. Dette samarbeidet fekk også Forum for Kultur og Næring sin ”Stedsutviklingspris” i 2009. Kulturnæringane er i rivande utvikling både nasjonalt og internasjonalt, og vert omtala som den viktigaste næringsgreina i framtida. Åleine står kulturnæringa for 3 % av BNP, og sysselset nesten like mange som hotell- og restaurantnæringa. I eit større perspektiv bidreg kulturnæringane med langt meir. Utviklingstrekk viser at kulturnæringane vil fungere som drivarar for sysselsetting og økonomisk vekst framover. Samtidig har kreativiteten i kulturnæringane etter alt å dømme positiv innverknad på andre næringar. Forsking frå Storbritannia viser at bedrifter med sterke kontaktar inn mot kulturnæring er meir innovative enn ordinære bedrifter.

Kva skal VAKN gjere? Utarbeide ein konkret modell for kulturbasert næringsutvikling. VAKN-modellen

Denne modellen skal skissere kva element som må vere til stades i oppbygginga av kulturbasert næring. Kva faktorar påverkar og stimulerer til kulturbasert utvikling, og kva behov, rolle og ansvar offentleg og privat næringsliv har for å samverke til slik utvikling. VAKN-modellen skal ta utgangspunkt i kulturbasert næringsutvikling i distriktskommunar og regionar. Modellen skal mellom anna skissere kritiske suksessfaktorar baserte på erfaringar frå Nordfjord

Hjelpe til ved etablering av 25-30 nye arbeidsplassar

Vi har sett som mål at vi skal etablere 3 nye bedrifter og 9 nye arbeidsplassar kvart år i den 3-årige piloten. Totalt 9 bedrifter og 27 arbeidsplassar skal vere sjølvfinansierande ved utgangen av prosjektet. Auke bulyst og næringsutvikling i Nordfjordregionen

Vi har utarbeidd ein rapport gjennom Telemarksforsking som måler Eid kommune sin attraktivitet og næringsutvikling i høve til andre kommunar i Sogn og Fjordane, Seljord, Meldal og landgjennomsnittet. Vi vil følgje opp rapporten under prosjektet for å sjå korleis Eid kommune og regionen kring utviklar seg på attraktivitet og næringsutvikling i samanlikna med andre kommunar i Noreg. Så langt kan vi sjå at arbeidet som har blitt gjort i Eid kommune, har byrja å gje resultat. VAKN-piloten skal ha Nordfjord som geografisk arbeidsområde. I dette ligg det at piloten vil arbeide for å fremje og setje i gang prosjekt i Nordfjord, som skal bidra til å utvikle kulturnæringane i denne regionen. Samtidig vil det vere viktig at VAKN deltek i nettverk og i prosjekt utanom Nordfjord dersom slike prosjekt bidreg til at VAKN når sine mål.

Address

Operahuset Nordfjord, Sophus Lies Veg 3

6770

Telephone

97658367

Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when VAKN posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Hotel

Send a message to VAKN:

Shortcuts

  • Want your hotel to be the top-listed hotel?

Share