Stad Vekst

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Stad Vekst Vekstselskap for Stad kommune

Stad Vekst skal koordinere ringverknadsarbeidet rundt Stad skipstunnelKystverket og Stad Vekst har inngått ein samarbeid...
21/10/2026

Stad Vekst skal koordinere ringverknadsarbeidet rundt Stad skipstunnel

Kystverket og Stad Vekst har inngått ein samarbeidsavtale om ringverknadene av Stad skipstunnel. Målet er at næringslivet og lokalsamfunna i regionen skal få mest mogleg ut av utbygginga, både i byggeperioden og etter at tunnelen er opna.

Stad Vekst skal koordinere arbeidet på tvers av kommunar, næringsorganisasjonar og bransjar. Dette skal vere eit breitt regionalt samarbeid. Vi ønskjer å få med næringsorganisasjonar og andre aktørar på begge sider av fylkesgrensa, slik at vi saman kan utnytte moglegheitene tunnelen gir.

Kystverket får med avtalen éin regional samarbeidspartnar som samlar og samordnar dei mange gode initiativa rundt prosjektet. Det gir ei tydeleg ansvarsdeling, og Kystverket kan konsentrere seg om hovudoppgåva: å byggje Stad skipstunnel.

Eitt av dei første tiltaka er å hjelpe lokale og regionale leverandørar i posisjon til oppdrag i byggefasen. Saman med AF Gruppen arbeider vi no med korleis næringslivet i regionen best kan få informasjon om behova og innkjøpsprosessane i prosjektet. Meir om dette kjem om kort tid. Følg med!

Har du spørsmål eller idear til ringverknadsarbeidet? Ta kontakt med prosjektleiar Lars Endre Gimmestad.

13/07/2026

Dessverre er opningsfesten til torget ved Coco utsett til hausten då plantekassene ikkje blir ferdig. Benkane skal kome i løpet av veka, men vi tek att den store opningsfesten når alt er på plass. Det kjem til å bli riktig så fint - så hold ut, så tek vi att festen :-)

🛳️ Cruise og reiseliv er viktig for Eid, Stad og Nordfjord, både for handel, næringsliv og skatteinntekter🗣️ I morgon er...
02/06/2026

🛳️ Cruise og reiseliv er viktig for Eid, Stad og Nordfjord, både for handel, næringsliv og skatteinntekter
🗣️ I morgon er det informasjonsmøte om Løkjaneset, kor det vert høve til å stille spørsmål og kome med innspel
📍Nordfjord Hotell onsdag 3. juni kl. 18-20

Nor Marine Eiendom, Nordplan og Stad kommune inviterer til informasjonsmøte i samband med detaljreguleringsplan for Løkjaneset.

Du får høyre meir om satsinga på Frukosttreff med Stad Vekst i morgon kl. 8🥐
01/06/2026

Du får høyre meir om satsinga på Frukosttreff med Stad Vekst i morgon kl. 8🥐

NASA HUNCH Norge ønskjer å utvide satsinga på Eid vidaregåande skule med eit nytt program for studiespesialiserande elevar. Men først treng dei drahjelp frå lokalt næringsliv.

"Det handler ikke bare om spart reisetid. Det handler om regularitet, sikkerhet og forutsigbarhet for fartøy som faktisk...
29/05/2026

"Det handler ikke bare om spart reisetid. Det handler om regularitet, sikkerhet og forutsigbarhet for fartøy som faktisk opererer langs kysten."

Godt innlegg frå Innsatsgruppa for Stad skipstunnel!

Slaget om Stad

Innsatsgruppen for Stad skipstunnel svarer Aftenpostens kommentator. Lenke i kommentarfeltet. (Innlegget er åpent for alle)

🤩 Mange mogelegheiter til læring, utvikling og nettverksbygging hos Inviro framover!
20/05/2026

🤩 Mange mogelegheiter til læring, utvikling og nettverksbygging hos Inviro framover!

Inviro er ein klyngeleiar, ein næringshage og eit studiesenter i Nordfjord. Vi er ein pådrivar for lokal verdiskaping gjennom kompetanse, møteplassar og samarbeid i Nordfjord.

19/05/2026

🚀 Gründerkveld!
🍻 Næringspub
🥐 Frukosttreff
🧠 Studietur rekruttering

👇 Les meir i siste nyheitsbrev

11/05/2026

Adresse

Øyane 11
Nordfjordeid
6770

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Stad Vekst legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stad Vekst:

Snarveier

Del

Hoteller i nærheten


Andre hoteller i Nordfjordeid

Vis Alle