01/11/2026
Rause hos Rauland Skisenter 👏🏻
https://www.vtb.no/nyhende/vil-ha-fleire-i-aktivitet-og-ut-i-naturen-deler-ut-gratis-sesongkort/665491
Me håpar at desse endringane inspirerer endå fleire til å oppleve skiglede, seier dagleg leiar på Rauland skisenter Kristin Larsen i ei pressemelding.
I år utvidar dei nemleg ordninga med å dele ut gratis sesongkort til barn og unge. Medan det tidlegare har vore ungar til og med 4. klasse som har fått tilbodet, får nå alle barn og unge i Vinje kommune til og med 17 år tilbod om gratis sesongkort.
Dei over 18 år får 50 prosent rabatt, så lenge dei er medlem av eitt av idrettslaga – Vinje IL, IL Dyre Vaa eller Rein IL og har bustadadresse i Vinje kommune.
– Me vil vere ein naturleg del av vinterlivet i Rauland og gje alle generasjonar moglegheit til å nytte skibakkane våre. Me ønsker å styrke tilhøyra til skianlegget, og tiltaket er ein del av satsinga vår, seier Larsen.
Barn til og med 4. klasse har fått gratis sesongkort på Rauland skisenter i fleire år. Nå utvidar dei ordninga.